Hopp til innholdet

Meir demokrati i mindre område?

Svein Grødaland:

Eg har ein teori: Graden av demokrati er omvendt proporsjonal med storleiken på det demokratiske området. I praksis: Store statar vil vera mindre demokratiske enn små statar. Store statar treng meir byråkrati og vert meir tungrodde. (I parentes: Det gjeld og kommunar og fylke. )

Små område har færre interessekonflikter, er meir homogene.

Det er først når motstridande interesser skal harmoniserast at det vert problem.

Litt historie. I norrøn tid hadde me direkte demokrati der alle frie menn møtte på tinget, diskuterte felles saker og felte dom i tvistemål. Dei kom frå same området, dei kjende kvarandre, eller visste om kvarandre.

Praktiske ting, som avstandar, og til dels språk, sette naturlege grenser. Havet var kortaste vegen til tinget. Alle sentrale stader låg tett ved hav og vatn. Turen over fjellet til forts eller hest var mykje tyngre. I Irland var det omvendt. Der orienterte folk seg langs halvøyane. Penninsula er ein sentralt begrep i irsk geografi.

Ein digresjon: Det norske ordet for hedning handlar om uvitande folk som ikkje er orientert om nye tider, dei som lever oppe på heia.

Den norrøne kulturen fall saman under Svartedauden. Det skjer eit dramatisk skifte i skriftspråket på denne tida. Dei boklærde, prestane døydde først og flest. Kjennskapet til skriftspråket forsvann. Island klarte å ta vare på det.

Når demokratiet ser ut til å vera på retur i dag, har dei store nasjonane mykje av skulda. EU har degenerert til ein byråkratisk styrt union der dei ulike medlemmene er pålagt å ta direktiv inn i lovverket vårt. I USA balanserer demokratiet på kanten av stupet. NRK har gåande ein serie om imperier som kollapsa. Mykje av tilstanden før kollapsen i desse imperiene kan me finna att i dag, spesielt i den anglo-amerikanske kulturen. Med andre ord: Vesten. Oss.

Når stormakter som Kina og Russland ser ut til å klara seg bedre, kan det koma seg av at dei i større grad har felles språk og felles kultur. Graden av demokrati kan diskuterast.

Framheva bilete:
Forlist
Foto: Svein Grødaland

Innlegget Meir demokrati i mindre område? dukket først opp på Politikus.

 ​Svein Grødaland: Eg har ein teori: Graden av demokrati er omvendt proporsjonal med storleiken på det demokratiske området. I praksis: Store statar vil vera mindre demokratiske enn små statar. Store statar treng meir byråkrati og vert meir tungrodde. (I parentes: Det gjeld og kommunar og fylke. ) Små område har færre interessekonflikter, er meir homogene….
Innlegget Meir demokrati i mindre område? dukket først opp på Politikus.