Svein Grødaland:
Overlegen kultur?
Det seiest at russarane ser på sin kultur som overlegen, samanlikna med det dekadente vesten. Så slår me oss for brystet og slår fast at slik er ikkje me. Me ser på alle kulturar som likeverdige. Stemmer dette? Det som stemmer, er at russarane er glad i sin kultur og sitt språk, og at dei verner om det russiske. Ein liten flik av dette ligg bak krigen i Ukraina; den russiske minoriteten var utsett for forsøk på folkemord. Då var det naturleg for Russland å gripa inn. Det same viser seg i politiske valg i Ukraina. Den russiske minoriteten i landet har liten sans for dei vestlege verdiane, medan den vestlege delen orienterer seg mot Europa og EU.
***
Kva med våre verdiar, sett med eit kritisk blikk? NRK melde nyleg at den rikaste nordmannen i verda er verd over tre hundre milliarder kroner. Han har ikkje arva seg til rikdom. Det fins utlendingar som er verre. Elon Musk, til dømes.
Kva er det med våre verdiar og samfunn som gjer det mogleg å grava til seg så mykje av samfunnskaka, den me skal dela mellom oss? Når ein får mykje, vil alle andre få mindre. Det er elementær logikk.
Vårt samfunn er prega av konkurranse. Det er alltid taparar, i alle konkurransar. I slike samfunn har fellesskapet dårlige vilkår. Elon Musk knuser fagforeningar (i Sverige), vårt verktøy til bedre fordeling.
Nei, eg er ikkje for heilt lik løn for alle. Det må vera rom for litt ekstra innsats, og få betalt for det. Det er er imot, er at luringar, ved hjelp av meir eller mindre lovlege økonomiske revestreker grev til seg ufattelege verdiar. Det andre er at rikdom kan omsetjast til politisk makt. Rikingane kan få godt betalt for si partistøtte dersom «deira» parti kjem til makta.
Den andre greia er den anglo-amerikanske populærkulturen. med Hollywood og Disney i spissen. Desse har pumpa oss fulle med sin tankegang i den grad at me trur det er vår kultur. Det er det ikkje. Norge held på å verta anglifisert. Det engelske språket trenger seg inn over alt.
Den tredje greia er innvandrarane. Er me stolt av vår norske arv i møte med desse? Held me opp våre kristne og liberale verdiar mot eit Islam, som på mange måtar er inkompatibelt med demokrati og religionsfridom? Demokrati mot teokrati?
Her heime kjemper ungdommen frå Vennesla for sin lokale dialekt. All honnør til dei for det.
Me ber om orsaking for at diverse minoriteter er blitt frårøva sin identitet, sine tradisjonar og språk. Vel og bra. Kva med oss som høyrer til fleirtalskulturen? Kva med vår dialekt, vår historie, våre skikkar? Dei havnar på museum, der berre nokre få av oss veit kva som ligg bak byggeskikk, verktøy, levemåte.
Eg ender opp med at dei ulike kulturane er best der dei høyrer heime, der dei er utvikla gjennom generasjonar. Det er eit tap for oss alle om lokale særtrekk vert borte eller overkjørt at lokal urbanisering eller migrasjon.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland
Innlegget Overlegen kultur? dukket først opp på Politikus.