Hopp til innholdet

Del 3: Ein god skuleEi god lærarutdanning?

Svein Grødaland:
Del 3: Ein god skule

Ei god lærarutdanning?

Eg tok mi lærarutdanning tidleg på syttitalet.

Kor god var den i høve til dei utfordringane eg møtte i skulestova? Første året var det fagdidaktiske kurs. Harelabb over dei fleste faga.

Didaktikk er vistnok å tilpassa fag til elevane sin alder. Pedagogikken opplevde eg som lite relevant, ikkje minst når eg omsider gjorde mitt inntok i skulestova. Der var det mykje rart eg ikkje hadde lært så mykje i ped’en på lærarskulen. Der møtte eg rare saker som dysleksi, ADHD, tourette, litt psykiatri, pluss generelle saker som lopper i blodet.

Det me fekk, var pedagogisk idehistorie. Den dominerte undervisninga i pedagogikk. Dei fleste lærarane i dette faget hadde lite praksis frå skulestova. Med eitt unnatak.

Praksisperiodane var ikkje stort bedre. Der gjekk me med klump i magen, redde for å ikkje få god nok karakter. Alt anna enn beste karakter ville diskvalifisera oss frå jobb i skulen. Sa ryktet. Rett skal vera rett, nokre av øvingslærarane bidrog med innsikt.

Eg valde ein smal profil, med årskurs i to fag det tredje og fjerde året. Det gav meg god innsikt i to sentrale fag. Spørsmålet er om det var lurt. I fleire fag hadde eg ikkje meir enn det eg hadde då eg tok min eksamen artium.

Det gjekk på eit vis når eg måtte undervisa i faga med tynnast mogleg grunnlag. Det gjorde det ikkje bedre at rektor snakka om kor viktig det var å quakka, vera kvakksalvar i fag som ikkje var vår sterkaste side. For meg gjaldt det først og fremst fag som gymnastikk og musikk. Samvitet overfor mine elevar i desse faga er ikkje akkurat på topp. Det hende eg var vitne til kollgaer som verkeleg kunne desse faga. Spesielt bittert var det at rektor prioriterte at klassestyrar skulle ha flest mogleg timar i eigen klasse. Også dei faga der me var direkte dårlege. Dermed sat eg med desse håplause faga for min del.

Konklusjonen er brutal. Me vart ikkje førebudde på det som venta oss i praksis. Det verktøyet me kunne hatt bruk for til spesielle elevar, mangla. Spes-ped kollegaene sat tilbaketrukne og diagnostiserte. Opplegg for desse var det lite av.

Det var nok til at ein kunne føla seg litt hjelpelaus til tider. Andre tider, med ein god rektor fungerte det som regel bedre.

Eg vart ikkje verande i skulen. Etter litt realitetsorientering skifta eg over til andre yrke. Det var ting som var meir interessant enn å kava i eit system som fungerte stadig dårlegare: Nye reformer, nye planar.

Dette er mitt bidrag i ein debatt om kvifor skulen ikkje leverer på kunnskap. Det vart referert til den finske skulen i interne fest-talar. Det vart presentert diverse verktøy. Greitt i teorien, forbode i praksis.

Neste innlegg handlar om nokre tankar vidare. Kva nå?

Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland

Innlegget Del 3: Ein god skule<br>Ei god lærarutdanning? dukket først opp på Politikus.

 ​