Svein Grødaland:
Krig
Eg har ein mistanke om at det er politikarane som lagar mest krøll seg i mellom. Me vanlege folk har ingen problem med å halda fred med kvarandre. Også russarar og kinesarar er stort sett vanlege folk som vil ha fred. Så; kvifor all kriginga? I Ukraina søker folk dekning dersom dei ser ein buss eller stor varebil. Dei risikerer å verta dregne inn i dette kjøretøyet, mot sin vilje, for å verta sende til fronten.
Heller ikkje dei er villige til å ofra livet for politisk stormannsgalskap.
Det me har problem med, er å ta til våpen mod andre menneske, som heller ikkje har problem med å halda fred.
Kvifor skal me stilla opp, ofra liv, framtid og helse for at rivaliserande politikarar ikkje klarert å halda fred?
Nå er tida inne til å bruka fornuft. Slutt med krigen. La vanlege folk få leva sitt liv i fred. Den appellen går frå den største til den minste, frå Trump til Støre. Det som skjer nå om dagen, er ikkje noko anna enn dårlig politikk.
Framheva bilde:
Eit tvetydig motiv.
Foto med tekst: Svein Grødaland
Innlegget Krig dukket først opp på Politikus.