Svein Grødaland:
Del 2: Ein god skule?
Eg vart sidan lærar, og hadde ein del av yrkeslivet mitt i skulen. Kontrasten til den skulen eg vaks opp med, er enorm. I vår tid hadde me fag; historie, naturfag, geografi, kristendom tillegg til norsk og rekning. (Noterer meg at skulestatsråden snakkar om rekning, ikkje matematikk.) Engelsk kom til seinare, i femte klasse eller noko slikt.
Ungdomsskulen hadde romslege valgfag til den som var lei av teori: sløyd, handarbeid, jordbruksfag, handels og servicefag. Maskinskinskriving var valgfag. Tysk kunne erstattast av noko anna, hugsar ikkje kva.
Etter ungdomsskulen var det gymnas for min del. Me kunne velja fritt kva skule og linje me søkte på. Det vart Bryne gymnas og norrønlinja på meg. Eg var ingen ekspert i realfag, og min kjære lærar i matematikk, gav meg 2 i standpunkt og venta spent på eksamensresultatet. Han fekk eit lite sjokk, for poden fekk karakteren 4 til eksamen i matematikk. På førehand hadde han samla saman dei mest håplause av oss for å gje oss ein bedre sjanse til å stå til eksamen.
Det var eit sjokk å venda tilbake til skulen som utdanna lærar. Faga hadde langt på veg forsvunne og blitt erstatta med ei suppe dei kalla o-fag. Orienteringsfag. Denne suppa plaska rundt i overflata i dei faga eg nemnde. Elevane lærte tilsvarandre. Dei klarte ikkje å skilja mellom historie og geografi. Vår kjære rektor på min første skule kom sjokkert tilbake frå ein time: Eleven hadde spurt om Frankrike var ei øy. Me som gjekk i den gamle skulen, ville ha visst bedre.
Eg var ei rastlaus sjel som vandra litt frå yrke til yrke. Ein gong eg kom tilbake til skulen, var den midt oppe i reformarbeid. Skulen skule tilpassa seg ei ny reform. Gamlerektoren på ein skule murra: Eg kjem til å undervisa slik eg alltid har gjort. Etter denne og fleire reformer, utvikla det seg ein teori: Den nye reforma var i beste fall jamgodt med det me hadde, som oftast dårlegare.
Nok ein gong: Me som gjekk på skule på sekstitalet, fekk ein god skule. Me kunne i det minste både lesa og rekna.
Framheva bilete:
Historieboka frå vår tid.
Foto: Svein Grødaland
Innlegget Del 2: Ein god skule? dukket først opp på Politikus.