Hopp til innholdet

Ein god skule

Svein Grødaland:
Del 1: Skule
Ein god skule

Eg gjekk i ein god skule. Eg ser det nå, i ettertid. Min første skuledag starta den dagen eg fylte sju år. Då hadde eg sju år god barndom bak meg. Sidan eg var eldst i syskenflokken, ante eg ikkje kva lekser var for noko. Eg tykte ordet kunne minna om lefse, og eg undra meg.

Etter kvart fekk eg veta både det og andre ting.

Lærarinna hadde full kontroll på det som skjedde i klasseromet. Ein dag skulle me læra om katten, og kva som skjer med augo på katten når det vert mørkt. Ein gong fekk me beskjed om å teikna to auge, først eit med smal pupill. Eg laga like så godt smal pupill på begge. Det var ikkje slik ho hadde tenkt det. Det andre auget skulle vera om natta. Det skulle vera likt for alle. Dermed måtte heile klassen gjera som eg hadde gjort, teikna eit nytt sett auge.

***

Me var tolv elevar i første klasse. Neste år gjekk me i lag med trinnet over oss. Eg gjekk med andre ord på det dei kalla ein fådelt skule. Lærarinna hadde oss dei tre første åra, læraren dei tre siste. Dei første åra gjekk me annankvar dag, måndag, onsdag fredag, eller tysdag, torsdag og laurdag. Trur me lærte like mykje kvart år den gongen samanlikna med i dag.

Niårig skule vart innført midt i mi skuletid.

Det vart eit større miljø, og lettare å finna kameratar. Dette var i kursplandelinga si tid. Dei av oss som ville vidare på gymnas, måtte velja høgaste kursplan. Då forlot me ein samla klasse og gjekk i lag med dei i parallellklassen som hadde same kursplan. Denne var fleksibel, slik at det ikkje var alle som held seg på same nivået.

Det vart sidan sagt at dette skapte unødig skilje mellom elevane. Eg opplevde det ikkje slik. Eg hadde kameratar på alle plan. Og så var me saman i alle dei andre faga.

Etter ungdomsskulen fordelte me oss mellom gymnas, handelskule og yrkesskule. Nokre gjekk rett ut i arbeidslivet. Det var lettare å finna den rette hylla den gongen. Dei som berre hadde gått på skulen i friminutta, kunne endeleg sleppa fri. I dag er skuletvangen utvida til tretten år.

Då eg byrja på skulen, i 1960, var det berre sju år. Det nok til å læra det grunnleggjande. Spørsmålet er kva som gjekk galt med alle reformane.

Ein digresjon:
Eg fullførte mi økt på sundagskulen. Her var det lange perspektiv. Dei som hadde møtt på sundagskulen hundre gonger eller meir, fekk diplom på første juletrefesten etter konfirmasjonen. Den diplomen hadde ein viss status. Eg fekk min med god margin. Det var to eldre karar som dreiv denne sundagsskulen. Ein av dei fekk til og med kongen sin fortenestemedalje for sitt arbeid i sundagsskulen.

Framheva bilete:
Eg gjekk på ein skule som kunne likna på dette.
Min er erstatta med nyare bygg,
og sidan lagt ned som skule. Vemodig.
Den på biletet vart sidan eit lite bygdesenter.

Innlegget Ein god skule dukket først opp på Politikus.

 ​