Hopp til innholdet

Krigsbrotsverk og andre brotsverk

Eg er mot tilsikta drap av sivile i krig. Sivile skal skjermast, alltid. Drap på sivile er eit krigsbrotsverk, og dei som bryt krigens lover bør dømast og straffast. Så enkelt er det.

Hans Olav Brendberg.

Eg er også mot alle drap på, og åtak på diplomatar. Og dette meiner eg enno sterkare enn forbodet mot drap på sivile. Diplomati og forhandlingar er alternativet til krig, øydeleggjing og dreping – og når nokon byrjar drepa diplomatar, legg dei til rette for unødvendig dreping og øydeleggjing. Drap på diplomatar kan aldri forsvarast. Punktum.

I 1938 gjekk den unge, polske jøden Herschel Grynszpan inn på den tyske ambassaden i Paris, og bad om å få snakka med den tyske ambassadøren. Han hevda han hadde nokre viktige dokument. Han vart sendt inn på kontoret til den tyske diplomaten Ernst vom Rath. Då han kom inn på kontoret drog han fram eit skytevåpen, og skaut fleire skot mot vom Rath, som døydde nokre dagar seinare.

Som sagt: Mord på diplomatar, i krig og i fred, er eit åtak på grunnmuren for internasjonalt samarbeid og fred. Eit avskyeleg brotsverk – og dei som er skuldig i slike brotsverk bør stillast for retten, og dømast strengt.

Men er slike drap eit godt nok påskot for alle slags former for kollektiv avstraffing? Bør alle jødar som kjende på sterk sympati for drapsmannen blir forfølgt for slik sympati? Du skal ikkje ha mykje slakke her før du byrjar forsvara krystallnatta – og det er ikkje nokon posisjon du bør stilla deg i.

Sjølv om drap på diplomatar er eit avskyeleg brotsverk.

Drap på sivile er eit avskyeleg brotsverk, og likevel slepp du ikkje unna å plassera brotsverket i den større konteksten. Og det er ikkje så vanskeleg. Den høgaste, internasjonale domsstolen – ICJ – har i ein dom slått fast at det ligg føre ei plausibel sak om folkemord. Israel renn over av folkemordsretorikk – ei makt som har total militær kontroll på millionar av rettslause palestinarar.

Og då er internasjonal rett veldig klar. Plikta til å døma folk som er ansvarlege for folkemord er ikkje det viktigaste i folkemordskonvensjonen. Heller ikkje å slå fast sikkert at den «plausible» folkemordssaka verkeleg handlar om folkemord.

Det viktigaste er plikta til å hindra folkemord. Vi har altså ei plikt, som går framfor alle andre plikter: Å hindra det som no skjer på Gaza, og som har pågått der i fleire år.

Det er den fremste plikta vår – 7. oktober, og alle andre dagar for den del.

Nokre vil ha diskusjonen dreidd over på andre tema, nettopp avdi pliktene våre er så klare. Det er ingen grunn til å bita på det som blir lagt ut som agn.

Grunnleggjande prinsipp – som plikta til å forhindra folkemord – handlar ikkje om ting som kan avgjerast med mentometer. Den plikta gjeld anten det er populært eller kontroversielt å gå tydeleg mot folkemord – og dei mange meir eller mindre passive medløparane som alltid er den viktigaste delen av maskineriet som gjennomfører folkemord.

Alt som handlar om jødisk historie, israelsk historie og dei politiske kreftene som har forma dette er omgjeven av ein fryktkultur. Dette går langt tilbake i tid. Det du finn her er ein totalitær kultur, som ikkje er interessert i open diskusjon, balansert meiningsutveksling og liknande.

Tvert imot: Kulturen skal formast slik at folk er livredde for å seia eller skriva noko «feil». Og der det er uinteressant om det som er «feil» er sant eller ikkje.

Arve Tellefsen sa i si tid noko om at ein «mafia» av jødiske impressarioar hadde stor innverknad på høvet til å byggja ein internasjonal karriere som fiolinist. Var det Tellefsen sa sant eller ikkje?

Ingen var interessert i å finna ut av det. Her skulle det statuerast eit eksempel – og eit einstemming kor frå Palestinakomiteen til det mosaiske trussamfunnet reiste seg for å stempla Tellefsen. Musikarkolleger tok avstand med store bokstaver – medan dei samstundes ringde Tellefsen og fortalde at han sjølvsagt hadde rett i det han hevda.

Slik er det over heile fjøla – slik Marlon Brando, Dolly Parton og mange andre har funne ut. Ikkje spør kva som er sant. Fram med stempel og fordøming, og tving folk til å «beklaga» det som ofte faktisk er sant.

Denne fryktkulturen er problemet. Den fører til at folk som elles er informerte og tilreknelege blir uinteressert i kva som er sant. Og i staden fokuserer på kva som er «taktisk klokt», eller kva som er «å gå for langt».

Men ingen kan gjera riktige, taktiske vurderingar før dei veit kva som er sant – og fryktkulturen hindrar slik innsikt.

Difor vil eg i spørsmål som handlar om Midt-Austen ha minst mogleg å gjera med folk som byrjar med diskusjon om taktikk, eller som freistar skjera hakk i ripa der dei fekk fisk forrige gong. Dei kan «stø palestinarane», men når ting kvesser seg til vil dei i panikk og frykt for det ukjende dolka deg i ryggen når du «går for langt» i spørsmål dei aldri har tatt seg bryet med å undersøkja.

Eg trivst mykje betre saman med israelvener. Dei er eg kraftig usamde med – og det er det heile. Det fører til sakleg debatt og polemikk – ikkje dolk i ryggen.

Slik det ser ut for meg, har leiinga i FOR i år hamna i ein mediestorm dei ikkje var førebudde på – og har improvisert ein god del for å få ting i mål. I fjor gjekk jo desse markeringane greit, utan mykje oppstuss. Men i staden for å klappa i hop som ein fallkniv, eller stempla folk som står trygt på dei viktigaste prinsippa som «nyttige idiotar», valde dei å halda fast på det dei faktisk står for.

Det er eit – lite, men viktig – bidrag til å dempa fryktkulturen.

Mange snakkar om at langt fleire enn før støttar palestinarane. Det er diverre ikkje sant. Langt fleire enn før har sympati for den palestinske saka. Men svært lite av denne sympatien blir gjort om til effektiv, politisk støtte. Og kontrollen med dagsorden og diskusjonsformer er prega av ekstremt sterk regi av dei som eig vestleg medieindustri.

I eit slikt klima er det diverre slik at dei som rømer frå fronten når slaget står i liten grad bidreg til å dra ting i rett retning. Sjølv om intensjonane er gode.

For min del blir oppsummeringa ståkarakter til ei FOR-leiing som greidde å stå oppreist med rett rygg.

 ​