Svein Grødaland:
Tenk deg synet: Eit menneske kjem joggande, med barnevogn og lyd i øyrene. Vogna er snudd slik at barnet ser framover, vekk frå den vaksne. Det er ingen kontakt mellom dei. Skulle småen få lyst til å pludra litt med den vaksne, er det ingen der. Berre ein påhengsmotor av eit menneske bak, som tenkjer trim, med lyd, gjerne med ein digital dubeditt som regisrerer puls og blodtrykk, med innebygd statistikk som viser kor flink den vaksne er.
Eg kan ikkje sjå for meg at mor trilla mine småsysken på den måten. Vogna var i tillegg rigga slik at handtaket var i barnet sitt synsfelt. Eg har eit gammalt fotografi som viser syster mi som kikkar opp frå barnevogna.
Det var berre nokre få fanatikarar som jogga den gongen. Alle visste kven dei var. Slike interesser skapte ein smule distanse til resten av bygda. Folk flest hadde nok å gjera med det daglege arbeidet. Fritida skulle brukast til kvile, ikkje til å kava endå meir.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland
Innlegget Tenk deg synet. dukket først opp på Politikus.