Hans Olav Brendberg:
Imperiepresidentskapet på stereoidar
USAs politiske system knakar i samanføyingane. Trump er ikkje årsaka til dette — Trump er eit symptom. Men USA har vorte eit polarisert samfunn, der Kongressen ikkje lenger fungerer som den lovgjevande makta, og der Senatet ikkje lenger fungerer som den kontrollerande og debatterande institusjonen han skulle vera.
Som Joe Sobran råkande sa det: «Grunnlova utgjer ikkje lenger noko trugsmål mot vår regjeringsform».
I staden blir USA styrt av dekret frå imperiepresidenten. USA inngår ikkje lenger trakatarar av den typen grunnlova skisserer. Presidenten kan i nokre tilfelle gå utanom kongressen i løyvingssaker. Fleire og fleire unntakstilstandar som skal legitimera presidentmakt blir erklært – og fornya kvart år. Og prosessen går stadig fortare.
For hundre år sidan var USA ein konstitusjonell republikk. Landet var ei økonomisk og kulturell stormakt av første orden – med eit forbausande lite statsapparat. Ein muskelkjempe med eit svært lite hovud.
Målet for britisk utanrikspolitikk frå omlag 1900 fram til 1945 var at USA skulle berga imperiet. Og midlet var å infiltrera og kooptera den amerikanske eliten.
Hestehandelen med sionistane i 1916 var ein del av dette. Målet var ikkje å skaffa seg meir trøbbel i Midt-Austen (sjølv om dette sjølvsagt var ein av konsekvensane). Målet var å dra USA inn i krigen. Dei måtte dra USA inn i krigen — avdi Storbritannia var konkurs.
På same vis vart eit motviljug USA dratt inn i andre verdskrig — og leiinga i den sionistiske rørsla i USA spela ei nøkkelrolle i dette. Både i utforminga av «Destroyer Deal» (Ben Cohen), i strategien for å få «Lend Lease» gjennom i Kongressen (Felix Frankfurter), og ikkje minst i den økonomiske mobiliseringa av amerikansk industri (Victory-planen).
Dette er grunnmuren i det som utvikla seg til imperiepresidentskapet. I 1941 arbeidde 1000 menneske i to etasjar av Rockefeller Center med den britiske etteretningsoperasjonen for å dra USA inn i krigen. Denne operasjonen – British Security Coordination — er opphavet til «Five Eyes», og til CIA.
Det var dette systemet Kennedy freista reformera tidleg på sekstitalet. Det kosta han livet. I seksti år har CIA sladda all tekst som nemnte Israel i frigjevne dokument i samband med attentatet i Dallas.
Då Kennedy vart skoten stogga både det amerikanske presset for å få Israel til å skrinleggja atombombeprosjektet, og senator Fulbright sin kampanje for å få AIPAC til å registrera seg som «Foreign Agent».
Grunnen til at USA no er i ein vanskeleg — og farleg — posisjon er at heile Israelprosjektet ikkje handlar om å skaffa USA makt i Midt-Austen. Strategane som rett etter krigen ønskte skaffa amerikansk kontroll over olja i regionen var alle mot den amerikanske anerkjenninga av Israel. Det var den sionistiske fraksjonen rundt Truman (Clifford, Niles, Loewenthal, Cohen) som fekk sett igjennom sin politikk på tvers av eliten i State Department.
Israel er, og har vore, nøkkelen til å skaffa seg makt i Washington. Og denne nøkkelen er ekstra viktig når motsett parti enn presidentens parti har fleirtal i Kongressen (som under Reagan). I slike situasjonar er «djupstaten» avgjerande viktig i eit land styrt av presidentdekret. Og ingen stader veg dei israelske interessene tyngre enn i Kongressen og djupstaten.
Alt dette er no på veg inn i ei verre krise enn det vi har opplevd nokon gong før. Vi treng sakleg og faktabasert informasjon, også på tvers av dei posisjonane som folk låser seg i i kulturkrigen.
Går imperiepresidentskapen av hengslene, vil ting byrja endra seg raskt.
Henta frå Brendbergs Facebook-side 28.09.2026
Framheva bilete:
KI-generert
på oppdrag fra Politikus
Innlegget Imperiepresidentskapet <br>på stereoidar dukket først opp på Politikus.