Hopp til innholdet

Har det som buhunden…

Svein Grødaland:
Har det som buhunden…

Forsvaret skal rustast opp. Til det er det løyvd nokre milliarder kroner. Nato sitt mål er at medlemmene brukar fem prosent av brutto nasjonalprodukt.

Med all respekt, er ikkje dette å snu ting litt opp ned?

Eit banalt bilete: Du vert utstyrt med nokre tusenlappar for å kjøpa julegåver. Ikkje eit ord om kva. eller til kven.

Krigen i Ukraina har snudd opp ned på måten me fører krig. Nå har dronene teke over. Luftforsvaret rundt omkring er så godt utbygd at det er galskap å senda inn vanlege militære fly. Faren for å verta skoten ned, er alt for stor.

Droner kan dirigerast presis mot utvalde mål. Greitt nok.

Men: Ingen kan kasta ut invaderande soldatar med droner. Til det trengs det styrker på bakken. Krigen er med andre ord delt i to: Dronekrig og krig på bakken.

Resultatet ser me i Ukraina. Begge sidene bombar kvarandre i filler med dronene sine. Samstundes flytter fronten på bakken seg sakte den eine eller andre vegen. Ukraina trur at landet kan halda stillinga, aller helst jaga russarane heim der dei kom frå.

Eg er ikkje militær strateg. Eg berre undrast. Det verkar opplagt at ein må tenkja nytt. Er store hangarskip nyttige i krig? Eller, er dei ein stor, saktegåande blink som lett kan skadast med ballistiske våpen?

Den offensive sida er ein ting. Den passive sida er minst like viktig. Kor er me mest sårbar? Kva gjer me med det? Har me store nok lager av korn, drivstoff, og så vidare? Kva med infrastrukturen? Straumnettet? Backup for sårbare datanett? Er bruene våre og tunnellane sikre ved eit eventuelt angrep? Kan det vera ein ide å satsa på meir ferjer? Desse kan vera fleksible og plasserast der det trengs.

Det aller viktigaste grepet er å byggja ned spenningane mellom nasjonane. Diplomati er meir kostnadseffektivt enn våpen. Det aller beste forsvaret er å ha ein god tone med naboane. Finland var ekspertar på det i Kekkonen si tid. Danmark har utøvd eit liknande diplomati overfor USA og Trump. Store naboar kan vera ei plage. Ei krigersk haldning til desse er i beste fall latterleg. Naivt. Då er me som buhunden; den har det mest i kjeften.

Akkurat nå held politikarane på med drakampen om budsjettet. Litt meir til alle gode formål, litt mindre til dei som har fått nok.

Noterte meg at Hans Andreas Limi valsa opp med finansministeren. Limi har heilt rett i at avgifter generelt er usosialt. Skatt er meir treffsikkert. Men finansministeren heldt på sitt. Han hadde laga seg eit mantra på tre punkter, som han repeterte. Slik verna han seg mot kritiske spørsmål. Patetisk.

Framheva teikning:
Svein Grødaland.

Innlegget Har det som buhunden… dukket først opp på Politikus.

 ​