Svein Grødaland:
Del 5: Ein god skule
Kva nå?
Først må me finna ut kva det er som ikkje fungerer. Eg er redd den lista kan verta lang. Først litt om samfunnet generelt.
Kva er skilnaden mellom den skulen der eg var elev, og skulen av i dag? Ei mogleg feilkjelde kan vera at eg hadde få faglege problem å skulen, bortsett frå i gymnastikk. Min distraksjon var at eg heller ville lesa alt anna enn skulebøker. Fjernsynet hadde berre sendingar om kvelden, med berre ein kanal. Nokre program var laga for min alder.
Apropos bøker: Eg trur knapt eg hadde gidda lesa kvalitetskontrollerte bøker av det slaget som vert bydd fram i dag. Kor er Jules Verne, R.L. Stevenson, han med Skatten på sjørøvarøya? Enn Tom Sawyer og Huck Finn av Mark Twain? Eg slukte desse bøkene, pluss mange andre.
Dette er ein del av mitt bakteppe, mitt liv utanfor skulen.
Kva er nytt? Det meste, er eg redd. Eg vaks opp på gard. På den tida var garden eit eldorado av spanande (farlege) leikeplasser. Det meste var lov. Kven kan leika gøymeleik der alt er strigla? Eg hadde følt meg som Karius og Baktus etter besøket hos tannlegen.
Kva nå? Eg las alle bøkene fordi eg hadde lyst til det. Skal ein verta flink til noko, må det praktiserast. Også lesing. Kva bøker fenger i dag? Harry Potter? Ringenes Herre? I mi lærartid hadde eg elevar som slukte desse, til stor undring for foreldra. Fantasy kan vera eitt svar.
Elefanten i romet er data. Smart-telefonen. Rundt 1990 hadde eg ein klasse med nokre primitive datamaskinar. Uten internett. (Tiki 100 med Brum tekstbehandling). Desse elevane skreiv fantastiske tekstar. Nokre år seinare, og med meir moderne maskinar: Dei googla temaet og presterte ein ferdiglaga tekst. Dette hadde dei liksom laga sjølv.
Ein tredje observasjon: Ein ungdom med sommarjobb (2026) fortalde at ho ikkje kunna laga ein tekst utan å bruka KI. Dette sjokkerte.
Ein kan berre sjå framover ved å sjå seg tilbake. Kva har fungert? Det verkar nokså opplagt at den som vert mest utfordra, også presterer best. Tekstbehandling kan vera til stor hjelp, både med skrivefeil og uleseleg skrift. Men internett må vera bannlyst i skriveprosessen.
Eg har notert meg at skulestatsråden snakkar om rekning, ikkje om matematikk. Ho har eit poeng der. Ein må først kunna rekna før ein tek fatt på matematikken. I mi tid som elev, analyserte me enkle tekstoppgåver og sette opp eit reknestykke som viste korleis me hadde tenkt. Eg prøvde litt på det same i mi tid som lærar. Det var for seint. Lærebøkene la heller ikkje opp til det.
Vegen vidare? La skulefolk overta planarbeidet. Ein gong eg og nokre kollegaer skulle driva planarbeid, undra me oss over om dei som hadde laga desse planane hadde sett ein heilt vanleg elev? I levande live, ikkje berre i teorien. Planane låg langt over både vårt og elevane sitt nivå. Opplegget må baserast på kor eleven er. Kva me burde kunna venta.
Tilbake til den finske skulen. Det vart det sagt at der er reformer ein skjeldan vare. Læraren er respektert, og har autoritet. Staten driv ikkje med reformer. Lønnsnivået skal vistnok og bidra til det. God løn for skikkeleg arbeid.
Det er faktisk mi ærlige meining at dersom klokke og kalender vart skrudd tilbake eit halvt århundre, kunne me hatt ein bedre skule. Det er nok ein utopi.
Framheva bilete:
Foto: Svein Grødaland.
Innlegget Skulen: Kva nå? dukket først opp på Politikus.