Fire trekk fram: Lek med ild med Russland — og om Svalbard?

Det er ingen tvil om at krigslysten fra norsk og vestlig side er stor overfor Russland, og faren for og oppmerksomheten om at tilsynelatende små provokasjoner kan få store politiske og militære konsekvenser, er tilsvarende liten. Særlig i ei tid da all form for diplomati er lagt ned for krigslysten for den «åpenbart rettferdige moralske orden» er kompromissløs. Fra noen som sier at Russland er grenseløst aggressiv, og samtidig latterlig hjelpesløst militært. Da er det bare tur og kjør. Når en mann er en kvinne, er Russland en papirtiger.
Arresten i det russiske skipet på Svalbard, her gir vel Russland en norsk gavepakke, samtidig som flere blir oppmerksom på at Svalbard-traktaten kanskje er moden for revidering? Når Norge har lagt ned kullgruvene sine, hva har Norge da på Svalbard å gjøre? Vil verdenssamfunnet la Russland overta Norges rolle?
Red. 

Hans Olav Brendberg:
Fire trekk fram

Sysselmeisteren på Svalbard har tatt arrest i eit russisk skip ved Barentsburg, etter at ein norsk domsstol har gjeve medhald til søksmålet frå eit ukrainsk selskap.

Norske styresmakter prøver seg med at dei ikkje er part i saka. Det er dei — og det kan diverre få stadig nye følgjer i tida som kjem.

Russland seier at Noreg har innført blokkade av den russiske busetjinga i Barentsburg. Norske styresmakter nektar for dette — men dei norske protestane har ikkje særleg gjennomslag i russiskspråklege media. Den norske blokkaden er ei historie russarane kan spinna vidare — og halda varm lenge. Her trengst det berre litt kreativ konfliktskaping — og Sysselmeisteren vil få meir enn nok å jobba med i månadene som kjem.

Ideen her er at sysselmeisteren har tatt arrest i skipet. Når rettsprosessen så har gått til enden, skal skipet tvangsseljast – og inntektene gå til det ukrainske selskapet.

Dette ser fint ut på papiret. Ville du kjøpt eit skip som russarane påstår er ulovleg kversett – og som må frå Svalbard ut i internasjonalt farvatn og kryssa havstykket til Finnmark før det er i noko som kan kallast trygt farvatn?

Dette er ei sak der rekkevidda for norsk suverenitet på Svalbard er omstridd – og der regjeringa i Moskva vil ha solid, nasjonal oppslutning om å bruka fysisk makt om det trengst.

Dette kan også vera ei glimrande sak om russiske styresmakter ønskjer å «gå til åtak på NATO utan å gå til åtak på NATO». Russland har i lang tid hevda at norske styresmakter går lenger i å militarisera eit demilitarisert område enn det Svalbardtraktaten gjev grunnlag for.

Kva gjer vi om Russland brukar fysisk makt her? Eller brukar fysisk makt i internasjonalt farvatn når skipet er på veg over frå Svalbard til Noreg?

Henta frå Hans Olav Brenbergs Facebook-side.

Framheva kart:
Norge og Svalbard, kart
Fra og av Store norske leksikon.

Innlegget Fire trekk fram: <br>Lek med ild med Russland — og om Svalbard? dukket først opp på Politikus.

Legg igjen en kommentar